Denneveka har om lag 30 av tredjeårsstudentane ved grunnskulelærarutdanningane påHøgskulen i Volda tatt over Vartdal skule, og hatt ansvar for undervisning ogoppfølging av elevane. Skuleovertakinga er ein del av paksisen deira i vår. Læraraneer der første og siste veka, men i den andre veka skal studentane klare segsjølve.

- Vi harplutseleg ansvar for alt, og situasjonen blir veldig reel. Det er veldig nytt foross, for vi har alltid hatt rettleiing frå praksislærar. No rettleier vi i storgrad kvarandre, og har stort utbytte av å følgje dei andre studentane siundervisning, seier Rogne.

Kvarklasse har eit team på to til fire studentar som har ansvar for klassen og allundervisning. Dei har forholdt seg til halvtårsplanar og lagt opp vekeplanar ogundervisning etter dette.

- Vi mådekke alle fag i skulen, og får utfordra oss sjølve i fag som vi ikkje har påhøgskulen. Eg underviser til dømes i tysk her, seier Rogne.

Leiarteam

Marita Kråkenesog Unni Krogsæter utgjer leiartemaet på Vartdal skule denne veka, og fyllerrollene som inspektør og rektor, for henhaldsvis barneskulen og ungdomskulen.

- Våroppgåve denne veka er å ordne opp dersom det skulle skje noko, men studentaneher er veldig sjølvgåande og tar tak i ting sjølve. Så vår rolle har eigentlegvore å hatt eit overblikk, og leie morgonmøte og ettermiddagsmøte. Eg synest atstudentgruppa har utvikla seg mykje denne veka vi har vore her aleine, og egtrur dei synest det er veldig kjekt, fortel Krogsæther.

Ho ser påskuleovertakinga som eit svært godt høve til å få innblikk i læraryrket og høgarestillingar på skulen, og håpar at det er ei moglegheit også seinarelærarstudentar vil få.

- Det erkjekt å prøve seg i ei høgare stilling. Men på ein måte skulle ønskje at deiandre studentane ikkje var så flinke til å ordne opp sjølve slik at eg fekklitt fleire utfordringar, seier Krogsæther og smiler.

Grunnskulelærarstudentane Nina Iren Rogne, Ingvild Svinø og Rakel Hjelseth får utfordra seg i skuleovertakinga.