- Det vart rapportert om det vi kan kalle villmannskøyring. Takka vere god hjelp frå publikum, greidde vi å finne og pågripe mannen, fortel lensmann Guttorm Hagen.

Meldingane om villmannskøyring kom frå forskjellige stader som Ørskog, Hornindal, Austefjord og Volda. Politiet greidde etter kvart å sirkle mannen og bilen inn, og visste at han var i Folkestad-området. Politiet på Eid vart også varsla, slik at det eventuelt kunne setjast opp ei vegsperring.

- Det var grunn til å frykte at det kunne kome ein situasjon der han ville køyre i frå politiet, seier Hagen.

Heldigvis oppstod ikkje ein slik situasjon. Då politipatruljen frå Ørsta/Volda kom til Mek, vart mannen observert gåande langs vegen. Då han såg politiet, la han i veg nedover mot sjøen. Politiet ropte til mannen, bad han stoppe, og greidde å pågripe han. Mannen var rusa, og noko vanskeleg. Han vart etter kvart frakta til Ålesund og varetekt der.

Det er avklart at bilen mannen køyrde vart stolen i Ålesund før jul. Bilen er no sikra. Mannen, i slutten av tjueåra, er heimehøyrande på ytre Søre Sunnmøre.

Lensmannen takkar publikum for hjelpa, og poengterer at samarbeidet mellom politi og publikum er årsaka til pågripinga.

Det er ikkje klarlagt kvifor mannen stoppa ved Mek.