At Anne Stine Foldal Aam høyrer til førstnemnde kategori er veldig tydeleg for den som vitjar henne heime på garden i Åmdalen. Ein svart katt kjem straks pilande og mønstrar nonsjalant framandkaren. Så sprett ein langhåra spraglete pus med frå rafta mellom garasjen og huset. Også det ein sosial og nysgjerrig type.

Katteelskar: Anne Stine Foldal Aam er veterinær og seksjonssjef i Mattilsynet.

Ein tredje kikar fram frå same gøymestaden. Han er nok ein skeptikar, for han held seg der oppe.

– Eg har fire kattar, fortel Anne Stine Foldal Aam. Det er Martin, Lemmy og Marcus. Og så er det Lizzy som heitte Thin Lizzy før, men som la så pass på seg at vi måtte stryke Thin.

I tillegg til ha mjølkekyr og hestar, fire kattar og ein hund er Anne Stine Foldal Aam veterinær med smådyrklinikk og seksjonssjef i Mattilsynet.

Kattar er koselege, meiner ho – og veldig sosiale.

Dessutan er det nyttedyr.

– Det er mykje selskap i ein katt. Når eg ser gamle damer som sit med ein katt i fanget, tenkjer eg at det kan spare kommunen for ein sjukeheimsplass. Og dei er flinke jegerar som held mus og rotter vekke.

Elsk og hat

Slik er det altså: Verda kan delast inn i kattehatarar og katteelskarar. Det er Anne Stine og ein stor flokk katteeigarar som elskar desse merkelege vesena som går gatelangs og hagegangs, og grev opp kjøkkenhagen og den nysådde plenen, og plantar bæsjen sin der, og påfører terrassen og verandadøra eit stinkande sekret, kalla kattepiss, og breier seg i godstolen i hagestova til stor fortviling for allergikarane i heimen.

Mat: Middagstid i heimen. Men korleis bli kvitt dei når dei kjem på uønskte besøk?

Dei er fullstendig utan respekt for grenser og privat eigedom. Dei saboterer nattesøvnen når dei kjempar om gunsten til ei kattefrøken i morgontimane. Småfuglar tar dei også, nokre av dei sikkert utryddingstrua.

Ei sak synest klart: Hadde Noreg vore kattelaust i 2018, og nokon kom frå Egypt og ville introdusere arten, så hadde dei blitt bedne om å dra heim att dit dei kom frå, og kattar hadde blitt forbodne ved lov. Eller?

Her er det på tide for katteelskaren å gi litt land.

– Kattepiss luktar, og det gjer også hundetiss, men hundane gjer det som regel ikkje opp etter dørene. Og, ja, dei er dårlege når det gjeld respekt for nabogrenser. Eg og synest det er irriterande når dei går på do i bedet mitt. Eg synest godt dei kan gå på do andre plassar, vedgår Anne Stine Foldal Aam.

Tiltak mot katteplaga

Akkurat! Og kva kan vi så gjere med problemet? Kva skal vi som ikkje likar kattar gjere for å verne oss mot katteplaga?

På nettet finst råd mot det meste -også kattar: Strø pepar der nabokatten brukar å gå er eitt av råda. Tanken er at når ein nysgjerrig katt snusar inn pepar, så får han ei oppleving han ikkje vil gløyme. Diesel er og bra, berre at det tar knekken på alt liv i blomsterbedet samstundes. Legg ut appelsinskal, kvitløk eller sitronskal, er andre velmeinande råd. Dette er lukter som katten skyr.

Eller lag til innretningar med sprutande vatn, slik som ein sveitte- eller dryppslange.

Mjau: Søt pus eller plagsamt rovdyr?

Alt dette er innanfor, meiner Anne Stine Foldal Aam.

– Chilipepar er visst effektivt, men du må fylle på heile tida. Det er ikkje hjelp i berre å ha det på om våren.

– Så det er ikkje dyreplageri å legge ut pepar?

– Nei, det må kunne gå an.

Rottegift?

Kyr kan sperrast inne med elektriske gjerde. Mygg kan skremmast med høgfrekvent lyd. Ingen har enno funne opp ei teknisk innretning som held kattar vekke. Men når skaden først har skjedd, og katten har pissa på noko nært deg, finst det dei fleire remediar i handelen.

– Det er ulike typar «urin-off», som bryt ned luktstoffa, seier Foldal Aam.

Veterinæren har ei avslappa haldning til dei klassiske kjerringråda. Men ho er tydeleg på si åtvaring om meir brutale metodar: Ikkje bruk rottegift, og ta for all del ikkje fram hagla!

– Rottegift vert som regel brukt for å ta liv av rotter og mus, men kattar kan fange desse gnagarane som er slappe i fjøyra og ete dei, og få i seg gift. Det gir blødingar også for kattane.

Gå ikkje for langt!

Når konflikten mellom dei som likar kattar og dei som ikkje likar kattar utviklar seg til dyreplageri vert det alvor. Straffbare handlingar knytt til kattar er diverre noko som skjer litt for ofte.

– Det skjer årleg her i Ørsta-Volda at vi får inn kattar som er skotne på med hagle. Folk har kanskje ei oppfatning av at det er villkattar, men vi har ikkje villkattar i Noreg, berre forvilla kattar, og dei har ein eigar. Det er ei alvorleg sak å skyte på dei med hagle, det er straffbart, og bør meldast til politiet. Vi veit også at det er folk i Ørsta- Volda som mistenker at nokon fangar kattar for å avlive dei.

Kattar kan skape konflikt. Det er det ingen tvil om. Men dersom begge partar gir og tar bør det vere mogleg å halde på freden i nabolaget, meiner veterinæren. Og katteeigarane må ta sin del av ansvaret.

– Det å ha katt fører og med seg nokre plikter. For å redusere konfliktar i nabolaget bør ein kastrere dei. Og så bør kattane merkast, slik at ein veit kven sin katt det er, om dei vasar seg vekk, vert påkøyrde eller flyttar til nokon andre. Kattar får ofte også parasittar og dei treng vaksine. Alt dette kan vi veterinærar ordne.

Om nokon skal få fredsprisen for å hindre nabokonfliktar om kattar, så må det vere han eller ho som fann opp dette med kastrering. I tillegg til å hindre uønskte graviditetar, fører kastering til at hannkattane får mindre behov for å markere revir, noko dei gjer med den upopulære pissinga. Dessutan slepp nabolaget billegare unna når det gjeld dei gjennomtrengande lydane av grakattar om morgonen, og kattesjau på grunn av slåsting.

– Katteeigarar har blitt flinke til å kastrere kattane sine, både hannkattar og hokattar. Kastrerte kattar vert og meir heimekjære, og hugs: Det er mykje god terapi i å klappe ein katt, seier Anne Stine Foldal Aam.