Bensinstasjonane med den gule Shell-logoen har vore eit kjent innslag rundt om på norske vegar. Sidan 2015 har energiselskapet St1 eigd og drive dei om lag 300 norske Shell-stasjonane.
No forsvinn Shell-profilen og blir erstatta av St1s profil. Det blir ein overgangsperiode på eit par år før endringa er fullført i Noreg, Sverige og Finland, opplyser St1.
(©NPK)