Fleire båtmotorar er stolne i området i mai. Politiet meiner det er ein samanheng mellom tjuveri av 12 båtmotorar i Selje, Volda, Gloppen og Sogndal.

Båtmotorane er stolne mellom 26. og 29. mai.

Politiet i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane arbeider no saman om etterforskinga.

– Det er gjort observasjonar av ein mørk Volkswagen Caravelle. Denne blei sist observert i Selje for 1,5 timar sidan, opplyser politioverbetjent Morten Hagen til Fjordenes Tidende klokka 14.10 fredag.

Politiet er interessert i tips dersom nokon har sett ein bil som liknar på den politiet beskriv.

Bilen har truleg utanlandske kjennemerke med tre bokstavar og tre tal. Bilen skal ha eit kraftig sykkelstativ bakpå.

– Ein bil som kan likne det etterlyste køyretøyet er observert i Selje, og politiet ønsker å kome i kontakt med dei som er i bilen, seier Hagen.

Politiet har også fått tips om ein mørk VW Touran som har vore observert i Gloppen i samband med tjuveria der.

Motorane har ein verdi på fleire hundre tusen kroner.