StikkUT! sommarsesongen er frå 1. mai–31. oktober, og det er tid for å få innspel for kva for 15 turar det er ynskjeleg vi har som StikkUT! turar i år.

Det skriv Ørsta kommune på si heimeside.

Det er nokre kriterium som gjeld:

Avklaring med grunneigar at det er OK at turen blir ein Stikk UT!-tur.

Sjå til at turmålet ikkje er i konflikt med sårbart dyreliv.

Unngå turar i hekkeområde/ved drikkevasskjelder/sårbar natur (myr) osv.

Unngå turar gjennom beiteområde for storfe.

Vurdere om stien/råsa toler auka ferdsel.

Alle kommunar bør ha minst ein trillevennleg tur, gjerne fleire (kan gjennomførast med barnevogn/sykkel/rullator/rullestol).