Høgskulen i Volda skriv i sitt nyhendebrev at laurdag og søndag er dei store dagane for Øyralangs 2022.

Begge dagane startar den stemingsfulle lysvandringa kl. 18:00 på Årneset og ruta er å følgje vegen langs Øyraelva ned til Volda sentrum.

Det blir også mange aktivitetar ved Årneset frå kl. 18.00.

Mange HVO-studentar er engasjerte i gjennomføring av arrangementet, melder Høgskulen i Volda.