– I Ørsta kommune har vi ei frivillignemnd som planlegg litt aktivitetar i løpet av Frivilligåret 2022. Kan du og din organisasjon tenkje dykk å vere med å arrangere noko i løpet av året? Helga 10.–12. juni satsar nemnda på å få med seg mange frivillige lag og organisasjonar til å skape liv i Ørsta sentrum og eventuelt parallelt i andre bygdelag, heiter det frå nemnda.

Dei viser til at helga 10. – 12. juni går parallelt med Dei nynorske festspela.

– Dei nynorske festspela vert i år arrangert 9.–12. juni, det er også eit stort arrangement med mange frivillige medarbeidarar involvert. Bli med du også og skap liv i kommunen vår i Frivilligåret, heiter det frå nemnda.

– Vi er så heldige at vi har fått lov til å få Sykkelturen 2022 til oss måndag 20. juni og samtidig er vi også vorte uttekne til å få vere arrangør av Generasjonsleikane same dagen, så 20. juni vert det mykje liv på Ørsta stadion og i Ørsta sentrum. Ta gjerne kontakt med meg om organisasjonen eller laget ditt har lyst til å bidra med noko i Frivilligåret, seier Rebecca Riise Bjerknes, dagleg leiar for Ørstahallen og leiar for Frivilligsentralen i Ørsta.

Saman med seg i frivillignemnda har ho Hjørdis Almelid Vikenes, som representant for fleire frivillige lag og organisasjonar, Gerd Eidheim frå Ørsta Røde Kors Omsorg og Ingvild Endal, folkehelsekoordinator i Ørsta.

Liv i gågata laurdag 11. juni

– Laurdag 11. juni håper vi mange frivillige lag og organisasjonar i Ørsta kan stille i Gågata, slik at vi speglar det flotte frivillige livet vi har heile året i Ørsta. Det er mange lag og organisasjonar som fleire kan verte medlemer av, viss ein berre vert klar over kva aktivitetar dei har for medlemane sine. Vi håper elles at lag og organisasjonar deltek med ulike typar samkomer og aktivitetar i løpet av Frivilligåret. Spesielt etter at vi har hatt mindre frivillig liv pga. korona dei siste åra, er det viktig at vi får lagslivet til å blomstre godt igjen no. Å bruke tid på å skape noko saman med andre som kan gje fleire gode opplevingar, er eit privilegium å få vere med på, meiner Hjørdis Almelid Vikenes.

Ho er styremedlem i Ørsta IL, leiar for Ørsta Indremisjon, likeperson/bakeleiar i Norsk cøliakiforening (NCF) og er brukarvalt representant til Rådet for Likestilling i Ørsta, der ho er nestleiar.

Samspel gjev betre livskvalitet

– Vi er ein frivillig organisasjon innan Ørsta Røde Kors. Vi tilbyr sosialt innhald i livet til dei eldre, noko som gir betre livskvalitet for alle partar, understrekar Gerd Eidheim i Ørsta Røde Kors Omsorg.

Folkehelsekoordinator Ingvild Endal gler seg over at generasjonar kan møtast på tvers og gjere kjekke aktivitetar i lag, og vonar mange tek turen til Ørsta stadion måndag 20. juni.