Helge Moe nådde ein milepåle i helga. Då tok han merket for tjuande gong i Birkebeinarrennet.

– Helge, det gjeld det vi snakka  om i går.  Kan eg kome bort å ta nokre bileter av deg om ca. 20 minutt?

– Nja…, du skjønar eg er i ferd med å ta meg ein tur ut på ski…

Nei, det er ikkje så uvanleg å gå på ski ein på palmesøndag, heller ikkje om ein er 76 år, slik som ørstingen Helge Moe.  Meir uvanleg vert det nok når ein får vite at den same mannen gjekk sitt 34. og 54 km lange og tunge Birkebeinerrenn dagen før. Og ikkje berre det, med tida 4 58 45 vart han nummer 15 i si aldersklasse på 41 deltakarar og greidde dermed merkekravet med god margin.

– Gratulerer igjen, Helge.  Eg forstår du er glad sjølv om du har 19 merker frå før?

– Ja, eg er svært glad.  Eg har lenge tenkt at eg burde greie det 20. merket også slik at eg kunne få denne fine statuetten som du ser her, men eg vedgår gjerne at eg har slite hardt for dette siste merket.  Dei siste fem-seks åra har eg nemleg gått Birkebeinerrennet utan å gå fort nok til å greie kravet.   Og undervegs laurdag såg eg at eg gjekk saktare enn eg gjorde i fjor og dermed tenkte eg at det heller ikkje vart merke dette året.  Men heldigvis for meg var føret langt dårlegare i år og dermed var også merkekravtidne høgare.

– Og så forstår eg du hadde  eit fall, Helge?

– Ja, ved starten av dei skarpe nedkøyringane frå Sjusjøen til Lillehammer.  Spora tok til å verte dårlege og eg var ikkje merksam nok, men det gjekk bra sjølv om eg fekk meg ein kakk.  Nei, fallet er ikkje noko å snakke om.

No må denne skrivaren for eiga rekning legge til at alle i bussen vart spesielt glade då vi høyrde at Helge hadde greidd sitt 20. merke.  Det var på ingen måte sjølvsagt sjølv om Helge gjennom eit langt liv har vore både skihoppar, kombinertutøvar og langrennsløpar.  Krava til merke for Birkebeinerrennet  er utan tvil høge.  Og sjølv om miljøet mellom deltakarane som skal delta på Birken  alltid er godt, vert Helge Moe sett spesielt stor pris på i bussen som køyrer til og frå.  Han har alltid nokre gode råd  og oppmuntrande ord å kome med.  Helge er kort og godt ein heidersmann.

– Og Helge, eg forstår at du har trent mykje for dette merket, kankskje i meste laget, seier Arild Bjørdal?

– He, he, seier Arild det? Starten på sesongen var ikkje så bra, nei – eg fekk lungebetennelse før jul, menn sidan nyttår har eg gått på ski dei fleste dagane, men nei,  eg har ikkje trent for mykje, men om Arild meiner trent for hardt, så har han kanskje litt rett. Men no skal eg slappe litt meir av.

Nei, Helge skal slett ikkje avslutte skisesongen, men lovar å ta det litt rolegare i løypa, gjerne saman med kona Aud, slik som i dag.  Og no startar topptursesongen.  Og neste år?  Jau, Helge står nok på startstreken den 18. mars 2017 også.  Han ser ingen grunn til å gje seg no.  Og så vonar han å få med seg fleire ørstingar – gjerne dei unge.  Det er dei som er framtida.

Knut Hustad