foto
Foto: Ishavsmuseet Aarvak

Ulykkesåret 1952

I desse dagar er det 70 år sidan sunnmørsskutene «Pels» og «Buskø» og dei nordnorske skutene «Brattind», «»Ringsel»» og «Vårglimt» forliste i forrykande uvêr på selfangst i Vestisen. Og 79 mann - når vi reknar med han som «Arild» miste - kom vekk i den verste katastrofen som har vore på dette fangstfeltet. 45 av dei sakna var frå Troms, 34 frå Sunnmøre. 46 koner og 98 umyndige born miste forsørgjaren sin.