Politiet i Møre og Romsdal melder onsdag ettermiddag at dei har gjennomført ein stor kontroll ved Kjøs bru i Volda kommune.

897 bilar vart kontrollerte, og det resulterte i eit forenkla førelegg for sota ruter, og eit for dårleg sikring av barn i bil.

Vidare vart ein bilførar meldt pga køyretekniske årsaker, og ein for køyring utan gyldig førarkort og dokumentfalsk.

Det vart gitt fire bilbelte-gebyr, sju dekk-gebyr for køyring med piggdekk, og to gebyr for å ha gløymt å ta med seg førarkortet i bilen.