Tre brannbilar, inkludert den nye stigebilen til brannvernet i Ørsta, rykte ut då brannalarmen onsdag føremiddag gjekk på Ørsta ungdomsskule.

Tre vaktlag på til saman femten personar var med på utrykninga medan alle ungdomsskuleelevane vart sendt ut i frisk luft.

Falsk alarm på ungdomsskulen. Foto: Roy-Arne Folkestad
Heile skulen måtte ut i friluft. Foto: Roy-Arne Folkestad

Etter ein grundig sjekk viste det seg at det heldigvis var falsk alarm.