Ein mann i 20-åra er sikta for å ha køyrt aktlaust i Ørstavegen i Volda 2. januar 2023, og må betale ei bot på 8000 kroner.

I siktinga står det at mannen ikkje var tilstrekkeleg aktsom, og køyrde over i motsett køyrefelt og inn i sida på ein lastebil. Det oppstod skade på begge bilane.