Bandtvangen er innført for å beskytte vilt og avkomma deira. Dyrelivet er ekstra sårbart frå april til august, så difor skal hundar haldast i band eller vere forsvarleg inngjerda i denne perioden, minner Norsk Kennel Klub (NKK) om i ei pressemelding.

Det er altså ikkje nok at hunden er under kontroll og ifølgje med eigaren.

Den ordinære landsdekkjande bandtvangen varer frå 1. april til 20. august, uavhengig av rase, størrelse og brukstype.

Fleire kommunar har utvida bandtvangsreglar. Desse er som oftast grunngitt med utvida beitesesong for husdyr.

(©NPK)