Ungdomsrådet i Ørsta fryktar det vert for mange kutt i lærarstillingar i Ørsta-skulen.

I ei fråsegn til budsjettforslaget frå formannskapet seier ungdomsrådet at «alle elevar treng å få oppfølging og å verte sett. Til dette trengst det nok lærarar».

I tillegg viser ungdomsrådet vise til vedteken lærarnorm, og ber kommunen følgje opp dette.