Det sa planleggjar Gunnar Wangen før dei tre danske arkitektane i Tegnestuen FELT fekk presentere ideane sine for dei frammøtte på folkemøtet i Ørsta torsdag. Arkitektane påpeika at Ørsta har ein del velfungerande område, men det manglar samlingskraft.
– Difor fokuserer vi på ulike ankerpunkt med Havtor Hovden-plass i sentrum.
Rådhusplass på Nekken
Rundt femti personar hadde teke turen til folkemøte om vidare sentrumsutvikling i Ørsta, og dei frammøtte fekk presentert ulike skisser og fleire alternativ for dei ulike ankerpunkta som arkitektane har fokusert på. Forslaget som skapte mest engasjement, og der arkitektane møtte mest motbør var tankane rundt Nekken.
– Dette er ein trafikkert utfordrande stad. Vi ser på Nekken som ein stad som kan utvikle seg til å bli ein rådhusplass, og eit ankerpunkt i enden av Vikegata, sa arkitektane under presentasjonen. Dei presenterte tre ulike alternativ og la vekt på trafikktryggleiken er det viktigaste i dette området. I det eine forslaget var Odin-huset fjerna frå området, og det møtte motbør blandt dei frammøtte. Arkitektane påpeika ikkje noko er endeleg bestemt.
Overbygg over Vikegata er noko som var oppe som forslag på førre folkemøte, men arkitektane meiner at eit totalt overbygg vil forstyrre det visuelle uttrykket i gata. Deira forslag er ei markiseløysing slik at det mogleg å gå tørrskodd frå Vikegata og til haldeplassen. Havnepromedaen ser arkitektane på som eit verkeleg spennande tiltakt.
– Vi har ikkje kome så langt med utforminga, men dette er eit viktig møte mellom by og vatn.Ved Havot Hovden-plass har arkitektane også eit forslag om ein havnepavlijong med moglegheiter for cafe. Kyrkjevoren er også opna opp, slik at denne er tilgjengeleg både for innbyggjarar og besøkjande.
Ferdig i september
Arkitektane tek med seg tilbakemeldingane frå folkemøtet i det vidare arbeidet med utviklingsplanen som skal vere ferdig i september.