I september 2014 vart Ørsta kommune varsla om regulering av festeavgifta for sjukeheimstomta i Ørsta. Opplysningsvesenets fond eig tomta, og sidan 1995 har festeavgifta vore 8.804 kroner per år. Kravet frå tomteeigaren var no stige til 700.000 kroner. Kommunen motsette seg forslaget til ny festeavgift i januar 2015, og i juni 2017 sette dei fram forslag om at festeavgifta skulle fastsettast til 680 kr pr. kvadratmeter. med ei festerente på to prosent. I august kom det motkrav frå Opplysningsvesenets fond om ei årleg festeavgift på 500.000 kroner. Partane vart ikkje samde om ei ny festeavgift, og inngjekk avtale om rettsleg skjønn.
Tidleg i juni var saka opp for Søre Sunnmøre tingrett.
I retten la Opplysningsvesenets fond vekt på at tomta ligg i eit svært attraktivt område der prisane har vore stigande. Dei bad og retten om å legge avgjerande vekt på dei frie sala som hadde vore i området.
Kommunen på si side meinte at det ville vere naturleg å ta utgangspunkt i kva avkastning verdien av festearealet ville representere i tilfelle arealet vart seld, og at salssummen vart plassert på ein gunstig måte. Kommunen meinte og at det rår ein prisdifferanse mellom sentrumsnære areal og areal i sentrum.
Etter retten sitt syn var arealet som skulle verdsetjast attraktivt. Retten har teke omsyn til reduksjon i olje- og offshorenæringa i samband med kjøpekraft og evne/vilje til å investere i nye bustader. Retten meinte at fleire av prisdøma som vart lagt fram frå Opplysningsvesenets fond si side ikkje var relevante.
Etter ei samla vurdering meiner retten at tomteverdien skal setjast til 705 kroner pr. kvadratmeter. Tomta er 10.003,2 kvadratmeter stor og då blir tomteverdien 7.052.256 kroner. Retten sette og den nye rentesatsen til fem prosent. Den årlege festeavgifta vert då 352.613 kroner med verknad frå 1. november 2015.
Sidan Ørsta kommune fekk medhald i skjønnet må Opplysningsvesenets fond betale sakskostnader på 123.866 kroner til kommunen.