– Vi har pressa på i ei årrekkje for å få bygt denne gangvegen. Vi brukar alle moglegheiter vi har til å påverke vegvesenet i saka. Ho kostar lite, men har stor nytte.

Det seier plansjef Gunnar Wangen i kommunen.

Saka vart teke opp i samband med at formannskapet sa ja til å leggje reguleringsplanen for bustader i det tidlegare Gartnarhallen-bygget ut på høyring. I planen er det lagt til rette for ein turstig i området. Då saka om støyskjerm på Vekslet herja som verst – og som enda med at Fylkesmannen trekte ei motsegna slik at reguleringsplanen kunne godkjennast utan krav til støyskjerm – var bygging av gang- og sykkelveg forbi Vekslet ei heit sak.

– Men det vart stopp i saka då støyskjermen ikkje kom. Vi har jobba for gangvegløysinga, og det er ufatteleg at vi ikkje har fått til dette før. Området har badestrand, og det er dramatisk for folk som bur i området å ikkje ha ein gangveg. Men vi jobbar framleis opp mot fylket for å få ei løysing på saka, sa ordførar Stein Aam.