Ein bil med fire personar har køyrt i fjellveggen på E39 i Hornindal. Det melder politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.

Ulykka har skjedd i Kjøshammartunnelen mellom Grodås og Kjøs bru.

To personar vart sende til Volda sjukehus etter ulykka, med dei to andre vart sende til legevakta i Hornindal for kontroll. Det blir meldt om lettare personskadar, ifølge politiet.

Meldinga om ulykka kom klokka 10.48.