Det seier formannskapsmedlem Hans-Olav Myklebust i Ørsta Framstegsparti. Han og Ørsta Frp reagerer sterkt på at formannskapsfleirtalet i Ørsta vil leggje ut ei forvarsling for områdeplanen for Legene som er for snever.

– Det vert ikkje teke omsyn til det reelle behovet for ei skuletomt så lenge kommunestyret ynskjer ein ny felles 1 – 7-skule her, og så lenge området vil vere attraktivt for nye bustader, seier Myklebust.

I formannskapet tysdag bad Myklebust om at det vart teke ei ny vurdering over kva område som skal verte vurdert for bustader og skuletomt når områdeplanen no skal forvarslast.

Formannskapet som planutval valde på eit tidlegare møte å leggje ut to definerte område. Eit mot fylkesveg 655 som bustadområde, og dessutan eit område ved idrettsanlegget og barnehagen på Legene. To område i retning Åm var omtala i saksutgreiinga, men vert ikkje med når kommunen forvarslar områdeplanen.

Dette reagerer Frp og Myklebust på. Men då han gjorde eit forsøk i formannskapet på å få utvida planområdet, sa ordførar Stein Aam meir eller mindre direkte at vedtaket er gjort.

– Dette vert demokratisk feil. Det har kome innspel frå grendelaget her om at dei vil ha eit større område definert for bustader og skuletomt. I ein planprosess er den beste måten å engasjere folk på å få dei til å kome med merknader. Då må der vere fleire alternativ. Slik formannskapet no har vedteke at forvarslinga skal vere, er viktige område utelatne, og innbyggjarane er fråtekne sjansen til å kome med merknader. Dermed vert ikkje saka så opplyst som ho burde vere, seier Myklebust.

Han meiner det ikkje er for seint for formannskapet som planutval å snu.

– Vi taper ikkje noko tid på å ta saka opp på nytt, til dømes i samband med kommunestyremøtet om knappe to veker, seier Myklebust.

Han og Framstegspartiet meiner det er gjort fleire feilvurderingar i saka.

– Dette gjeld mellom anna skuletomta. Dette er ei tretti år gammal regulering, og då var tanken at den gjeldande skuletomta skulle vere ei erstatning for Åmås skule. Då var han kommunal. No er det ein friskule, seier Oddvar Åm.

Han viser til at tanken no, slik kommunestyret gjorde vedtak om i økonomiplanen, er at det skal vere ein 1 til 7 skule på Legene, ein felles skule for Dalane.

– Då snakkar vi om ein skule med 110 elevar, og då vert den regulerte skuletomta her på Legene altfor lita, seier Åm.

– Og i forvarslinga vert heller ikkje ein tilførselsveg mot Follestaddalen belyst fordi området er for snevert, seier Inge Kolås.

Ifølgje Oddvar Åm er behovet for bustadtomter i Åmdalen og Follestaddalen prekær.

– Det er rett at det var nokre år utan ny busetjing. No ser vi at eit generasjonsskifte er på gang. Bustadhus er omsette, og unge seier dei vil busetje seg her. Då må vi få tomter klare, seier Åm.

Han lanserer planar om eit Legene vekstsenter på eit av dei områda som formannskapet valde ikkje å ta med i planen.

– Det vil vere eit flott område, og der vil vere rikeleg med plass, seier Åm.

Legene vekstsenter: Slik tenkjer Ørsta Frp seg eit nytt skuleområde på Legene. Foto: Pressefoto