Firmaet Bratseth Elektro har jobben med å skifte ut alle straummålarar i Ørsta og Volda. Denne veka byrja arbeidet for fullt.

– Alle får beskjed om når vi kjem. Og då gjeld det å vere heime, seier Ole Hesthag, som skifta ut Møre-Nytt sin straummålar onsdag.

Det har vore skeptiske røyster til dei nye målarane som les av straumen automatisk, men Hesthag meiner det berre er fordelar med dei.

– Eg kjem ikkje på nokon ulemper i det heile. Det er mykje meir lettvint med automatisk avlesing, ikkje minst på hytter og fritidsbustader, seier han.

Skiftinga av målarar tar ikkje mange minutta.

– Heime hos folk må vi kople ut straumen i 10–15 minutt. På bedrifter der det er industrimålarar skiftar vi utan å kople frå straumen, seier han.