Det sa Per Are Sørheim (H) frå talarstolen i kommunestyret torsdag.
– Det er litt som i ein familie. Du har 500.000 i inntekt, men bruker 600.000. Dei fleiste veit at det vil vere utfordrande på sikt. Tåler vi ein renteauke? Har vi råd til å bygge ny skule i sentrum? Kvar skal vi finne pengane frå? spurte han.
Men der er også mykje positivt.
– Det er mykje som er bra i Ørsta. Vi har høg aktivitet og mange spennande prosjekt på gang, som er etterspurt av innbyggjarane. Vi leverer bra. Vi har god utvikling på skulesida og har gode resultat og gode omsorgstenester. Det er på sin plass å rose dei tilsette i kommunen for innsatsen.
I si innleiing til årsmeldinga skriv rådmannen: «Netto driftsresultat for 2017 er på 1,2 prosent medan det tilrådde er 1,75 prosent. Samanlikna med 2015 og 2016 ser vi ei negativ utvikling med svakare netto driftsresultat. Den enkle forklaringa er at utgiftene aukar meir enn inntektene, noko som på sikt vil tappe fondet. I perioden 2015 – 2017 har driftsinntektene auka med 7,9 prosent medan driftsutgiftene har auka med 12,1 prosent.»
I eit notat til kommunestyret skriv rådmannen vidare: «Rådmannen ser alvorleg på denne utviklinga, til liks med kontrollutvalet og formannskapet, som har teke opp desse tilhøva i si handsaming av årsmeldinga for 2017.»
– Signala i årsmeldinga må tas på alvor, sa Anne Ellingsen (V).
– Vi må imøtekome dagens behov utan å øydelegge for framtida. Vi må tenke oss om og vere på vakt så vi ikkje byggjer ned formuen, og vi må gjere vårt til at etterkomarane våre får tilfredsstilt sine behov for tenester.
Ordførar Stein Aam er også samd i dette.
– Vi kan ikkje halde fram slik. No må vi sette ned hælen og sjå kvar vi står.
Hans Olav Myklebust (Frp):
– 2017 var eit positivt år, men, der er alltid eit men. Det er ikkje så godt som dei føregåande åra. Når vi vedtek ein økonomiplan og eit budsjett skal dette vere i balanse og ha ein buffer. Då kan vi ikkje gjere påplussingar i løpet av året. Held vi god budsjettdisiplin og gjennomfører dei planlagde budsjetterte investeringane skal dette gå bra, ordførar.
– Vi kan bruke ostehøvelprinsippet til eit visst nivå, så må vi byrje å gjere val på kva vi faktisk skal velje vekk. Det er eit felles ansvar, sa fungerande rådmanne Eldar Rune Øye.
Kommunestyret godkjende samrøystes årsrekneskapen for 2017. Der står det mellom anna: «Ørsta kommunestyre godkjenner rekneskapen for 2017 slik det ligg føre med eit positivt netto driftsresultat på 10.111.821 kroner og eit rekneskapsmessig mindreforbruk på 14.265.909 kroner. Rekneskapsmessig mindreforbruk i 2017 vert å avsette til fond.»