Ho viser mellom anna til at Ørsta i tillegg til nedbygging av jordbruksareal, har hatt to dårlege vekstsesongar for jordbruket.  I fjor regna t.d. andreslåtten vekk.

Dårleg vekst

– Desse to dårlege vekstsesongane i 2010 og 2011 viser at det er behov for alt jordbruksareal som vert hausta med avling, og det er viktig at grunneigarane som ikkje sjølv driv aktivt jordbruk, leiger ut areala der det er etterspurnad etter tilleggsareal. Etter jordlova er det driveplikt på alt jordbruksareal, og landbrukskontoret kjem til å informere om og fylgje opp dette vidare, seier landbrukssjefen i årsmeldinga si.

Årsmeldinga

Årsmeldinga til landbrukskontoret er no klar, og ho stadfestar det landbrukssjefen har signalisert overfor Møre-Nytt tidlegare i år. Etter mange år der brukstalet har gått ned, har dyretalet og talet på dyrka areal halde seg stabilt. No ser mengda av dyrkamark til å verte redusert.

Dette kjem både gjennompolitiske vedtak i kommunen og at næringa sjølv avviklar produktivt areal.

Av årsmeldinga går det fram at det i 2011 vart omdisponert litt meir jordbruksareal i 2011 enn i 2010. Reint faktisk vart det frådelt og omdisponert fire daa dyrkamark til andre føremål. Men i tillegg vart det gjort planvedtak om omdisponering av 48 daa dyrka jord og sju daa dyrkbar jord.

Mesteparten av dette går til bustadføremål og dessutan til næring, samferdselsanlegg og grønstruktur. Mellom anna har reguleringsplanane for Hotell Union Øye og flyplassen vorte vedtekne i 2011.

500 daa reduksjon

Totalt er det ved utgangen av 2011 35.354 daa jordbruksareal i drift i Ørsta. Dette er altså 500 daa mindre enn for eitt år sidan. Mesteparten av det arealet som har gått tapt, er innmarksbeite som har gått ut av bruk.

Det er heller ikkje særleg tempo i nydyrkinga. I 2011 kom det inn fem søknader om godkjenning av plan for nydyrking, på totalt 36 daa. Ein av søknadene vart handsama i 2011, medan resten kom så seint på året at dei ikkje vert handsama før i innverande år. Dermed var resultatet at det vart gjeve løyve til nydyrking av 1,5 daa.

Nydyrking

For landbrukskontoret er det viktig å ha eit apparat for å handsame desse søknadene.

– Nydyrking er naudsynt dersom ein vil kompensere for litt av avgangen på produktivt jordbruksareal i kommunen som skjer gjennom omdisponering og regulering. I den statlege landbruksmeldinga har ein også intensjon om å auke nydyrkinga, og dette må ein ta omsyn til i forvaltninga og planlegginga av ressursane i kommunen, insisterer Viddal.

Av det totale arealet er 21.345 daa fulldyrka jord til slått og beite, resten er overflatedyrka og innmarksbeite. Til grovforvekster er det nytta 51 daa, og av dette går om lag tre daa til potetdyrking.

Husdyr

Talet på bruk i drift held seg nokolunde stabilt. Fram til 2010 var det årleg ein reduksjon på om lag ti bruk som søkte produksjonstilskot. I 2010 auka brukstalet med tre, og i 2011 var det tre færre bruk som søkte produksjonstilskot. Totalt er det no 201 gardsbruk i drift i kommunen.

Hudsyrtalet er også på veg ned i Ørsta. Det kjem særleg av at talet på mjølkekyr og anna storfe går ned. I 2011 vart talet på mjølkekyr redusert med 67 til 1.445 medan talet på anna storfe vart redusert med 176 til 2.479.

Talet på mjølkegeiter har vorte redusert frå 933 til 846 i 2011, medan talet på vaksne sauer er i vekst. Frå 2010 til 2011 auka talet frå 1.890 til 1.928. Talet på avlspurker har auka litt, medan talet på slaktegris er stabilt. Talet på mink- revetisper er litt redusert. Ved årsskiftet var det 2.150 minktisper og 950 revetisper i kommunen.

Mjølkekvotar

Det var lite omsetning av mjølkekvotar i 2011. Berre ein produsent melde kvote for sal. Det vart kjøpt inn meir kvotar enn det vart selt. Den gjennomsnittlege kumjølkkvoten er på 98.000 liter. Den minste kvoten er på 37., 00 liter, og den største samdrifta har ein kvote på 570.000 liter.

Sjølv om det totale kvotetalet auka for kommunen, gjekk mengda liter levert mjølk til meieri ned. Det har samanheng med det dårlege vêret som gav dårlege beiteforhold og ringare fôrkvalitet.

Landbrukssjefen uttrykkjer at det framleis er eit mål for kvotepolitikken å halde mest mogleg kvote innafor kommunegrensene.

– Utviklinga siste åra har vore positiv, og nedgangen har flata ut. Vi har framleis lita fornying av bygningsmasse og svak rekruttering til næringa. Risikoen for at mange fell frå er stor. Det er viktig at både samdriftene og enkeltbruka held fram som berekraftige einingar. Vi treng båe driftsmåtane, seier landbrukssjefen.

Landbrukssjef Liv Bente Viddal meiner det må vere ein restriktiv jordpoliitikk i Ørsta.