Tala frå den fyrste hjorteteljinga (21.04.12) er klare, og vitnar om at det kan verte ein svært aktiv jaktsesong i Ørsta.

Heile 1.294 dyr vart observert innafor kommunegrensene. Det er 418 fleire enn i fjor, då talet på dyr var nede i 876 på same tid.

Ein må tilbake til 2008 for å finne rekorden på 1.372 dyr.

– Det høge talet kjem nok fordi mange unghjortar og mykje trekkdyr har overlevd vinteren. Eg er uansett nøgd, og tvilar på det vert reduserte kvotar i år for å seie det slik, seier Barstad.

Tal

Statistikken viser at Bondalen tronar på topp i talet på dyr, med 229 observerte hjortar.

Vartdal følgjer tett på med 199 dyr, medan Norangsfjorden stiller med 195 eksemplar. Storfjorden/Bjørke gjer seg heller ikkje vekk, med 187 dyr på blokka.

I det andre sjiktet finn vi Hovdebygda og Bjørdal med høvesvis tre og fire observerte dyr. Nokre vil kanskje verte overraska over at det då faktisk var fleire i sentrumsområdet og på Mo. Ni dyr var sett i desse tettbygde stroka.

Neste teljing vert gjennomført 5. mai.