To mål av Ørsta-talentet Mats Øvrebotten strakk ikkje til då Sunnmøringane frå søre skulle hamle opp med øyværingane på Valdervoll KGB.
Ørsta tok raskt kommandoen, og gjekk opp til 0-1 etter 20 minutt. Etter ei vending av spel og påfølgande innlegg kunne Øvrebotten sette pannebrasken til for å sikre det fyrste bortemålet.
- Etter målet endra kampbildet seg. Valder vakna, og brukte effektivt bakromet, seier Nygård.
Valder svara
Og det skulle gje avkastning. Etter 29 minutt trøbla ørstingane på dødball imot, og Valders måltjuv Adrian Blindheim kunne setje inn utligninga frå åtte meter.
Det skulle ikkje gå lenger enn to minutt før den same Blindheim fekk tildelt straffe - ein sjanse han ikkje skusla vekk. 2-1 til øyværingane.
No hadde Valder verkeleg slått på ljoset, og dagens målrike valderspiss vart spelt gjennom fleire gangar. Då gjekk det som det måtte gå - åleine med keeper sat han dagens tredje i nota etter 38 minutt spelt.
- Dette var hard kost for eit Ørsta-lag som hadde hatt full kontroll berre 10 minutt tidlegare, seier Nygård.
Håp
Håpet om å få med seg tre poeng heim til Ørsta vart tent i det 63 minutt, då Øvrebotten vart spelt gjennom og fekk straffespark etter at Valder-keeperen felte måljegeren. Øvrebotten var sikker som banken frå krittmerket, og meisla sluttersultatet til 2-3.
Etter kampen var Ørsta-trenar Henning Nygård middels nøgd.
- Eg tykkjer vi spelar ein god kamp, men vi lir av at vi ikkje har keeper. Ein av målmenna våre er ute med skade og den andre har karantene, så då må vi nytte ein utespelar i mål.
Nygård vedgår at Valder skapte problemer for Ørsta sitt offensive spel.
- Dei legg seg bakpå og satsar på kontringar i heile kampen. Det er kanskje den vanskelegaste typen lag å møte, seier han, og understrekar at dei må bli betre på å kome til fleire sjansar.
- Mats Øvrebotten held scoringstrenden ved like med to mål i dag. Kva tykkjer du om han?
- Jauda, Mats herja bra i fjor, og han er på pletten i år også. Det er vi sjølvsagt nøgde med, men utfordringa er å halde stabiliteten både på kamp og på trening. Eg har god tru på at han skal klare det ut sesongen.