Ordførar Rune Hovde var mellom dei som gjekk natteramn natt til 1. mai. Han meiner dette er viktig.

- Ja, natteramnar er viktig. Vi vart faktisk kontakt av litt eldre ungdommar som hugsa sist det var natteramnar ute, og dei var glade for at ordninga var i gang att, fortel Hovde.

Han meiner det er viktig at vaksne er synlege der unge ferdast.

- Vår viktigaste jobb er å syne att slik at dei unge veit at vi er der viss dei treng oss. Men natteramnane er ikkje noko reservepoliti, understrekar ordføraren.

Ungdomsskulen

Etter oppmoding frå Bente Åmbakk i foreldra sitt arbeidsutval (FAU) på Ørsta ungdomsskule stilte fleire foreldre frå klasse 8A på ungdomsskulen opp og gjekk natteramn i Ørsta sentrum natt til 1. mai.

– Føremålet er å skape eit trygt og godt miljø for ungdomen. Vi vaksne kan alle vere til stades og bidra til dette, meiner Åmbakk.

Samarbeid

No håper mange at eit samarbeid med frivilligsentralen skal føre til at det går natteramnar ute i Ørsta-natta kvar helg.

– Ein går natteramn frå klokka 22 til 02.00. Viss mange stiller vert det knapt ei vakt på kvar enkelt i løpet av eit år, seier Bente Åmbakk.

Ho finn mykje positivt i å vere natteramn.

– Dette er ein kjekk, nyttig og sosial dugnad for å skape eit tryggare og betre miljø for Ørsta-ungdommen, der ein i tillegg til å gjere noko samfunnsnyttig, slår ho fast.

Shell

Det samla seg ganske mykje folk ved Shell-stasjonen i Ørsta utover natta sjølv om det var kaldt.

- Eg ønskjer å rose dei som vil stille opp som natteramn. Dei gjer noko viktig, seier ordførar Rune Hovde.