Arbeidet med ny ferjekai på Sæbø tok til i fjor sommar. Den nye kaia er plassert om lag hundre meter nord for den eksisterande ferjekaia. Det har vore ynske om ei ny ferjekai på Sæbø i fleire år, og hovudgrunnen til at ho no er på plass, er den eksisterande kaia er falleferdig.

– Vegvesenet har allereie overteke kaia frå entreprenøren, og dei siste vekene har det vorte arbeidd for å lage det mellombelse landarealet ferdig på ein skikkeleg måte. Dette er ei mellombels ferdiggjering, for heile landarealet skal stellast til og lagast til nytt i samband med at den gamle ferjekaia skal rivast, fortel Nærø.

Landarealet

Ho poengterer m.a. at landarealet må vere tillaga slik at informasjonen om kvar ein skal køyre er oversiktleg og grei.

Arbeidet med det å stelle til landarealet på permanent basis vil ta til i sommar, etter at prosjektet har vorte lyst ut på tilbod, og entreprenør er vald.

Nærø torer ikkje å seie når arbeidet vert ferdig.

Tretti millionar

– Vi har eit mål om å verte ferdig med landarealet i inneverande år, men her kan fleire faktorar spele inn. Det gjeld til dømes om det er mogleg å asfaltere på denne sidan av årsskiftet, seier Nærø.

Arbeidet med på Sæbø vil totalt kome nær tretti millionar kroner. Akkurat når den nye ferjekaia er klar til å ta i mot trafikk, startar arbeidet med ei ny ferjekai opp ein annan stad i kommunen, nemleg på Festøya.

Festøya

På Festøya skal den eldste ferjekaia rivast, og erstattast med ei ny og mykje større. Det er den kaia som no vert nytta til Hundeidvik-ferja som skal erstattast med ei ny.

– Den nye ferjekaia får ei bru på tolv gonger atten meter, og ei tilleggskai (pir) på 104 meter. Han vert t.d. dobbel så lang som på Sæbø, fortel Nærø.

Arbeidet vil her etter planen vere ferdig i desember. Då skal Festøya ha to heilt moderne ferjekaier som kan møte framtida.

– Dei to kaiene vil vere likeverdige, og det vil vere opp til ferjeselskapet korleis ein vil bruke kaiene. Til dømes skal det etter at den nye kaia er ferdig vere enklare å velje kai ut ifrå verforhold, seier Nærø.

Til Festøya-prosjektet er det ei løyving på 37 millionar kroner. Noko er allereie nytta til å oppgradere den eksisterande stamvegferjekaia noko.