Det var ordførar Rune Hovde (H) som i formannskapet torsdag opplyste at arbeidet med å setje i verk kuttiltak i kommunen ikkje går så raskt som ein ynskjer.

– Det rette å gjere no er å be rådmannen kome med ei liste over alle moglege tiltak det er realistisk å gjennomføre. Det handlar anten om å kutte kostnader, eller auke inntektene i 2012. Når vi må berge økonomien for 2012, handlar det også om at vi må skubbe på ting, og utsetje tiltak til 2013, sa Hovde.

Ordføraren gjekk igjennom stoda for kommunen.

Premiss

– Då vi vedtok budsjettet vårt var følgjande premiss lagde. Vi hadde eit varsla underskot for 2011 på kring tretten millionar kroner. Vi hadde vidare att 8,6 millionar kroner frå tidlegare års underskot å dekkje inn. Då laga vi eit budsjett der vi reduserte drifta med tretten millionar kroner for å unngå eit nytt år med underskot. Vidare kuta vi med 8,6 millionar kroner til for å få på dekt inn underskotet frå tidlegare år. Vidare vart det lagt ei føring i økonomiplanen på at vi skal ned ytterlegare tretten millionar kroner i 2013 for å betale underskotet frå 2011, forklarte Hovde.

Sidan har føresetnadene endra seg.

– To ting skjer omtrent på same dag rett før påske. Vi får signal om at underskotet ikkje vert tretten millionar kroner for 2011, men 7,5 millionar kroner. Dette burde vere ei gladmelding. Men same dag kom meldinga om at vi ikkje fekk Tussa-utbyte, noko som seier at vi misser atten millionar kroner som er budsjettert i inntekt. I tillegg får vi signal om at vi ikkje har greidd å redusere i drifta til no i år slik vi hadde ynskt. No får vi forhåpentlegvis eit utbyte frå Tussa som vil hjelpe oss noko. Men likevel er stoda meir alvorleg summa summarum enn då vi vedtok budsjettet, sa Hovde.

Gruppeleiarmøte

Han var klar på at administrasjonen har ein jobb å gjere med å kome med kuttforslag og utsetjingsforslag på tiltak. Men han påpeikte også at politikarane har eit ansvar.

– Difor hadde vi sist måndag eit gruppeleiarmøte der vi var samde om at vi saman må gjennomføre tiltak som får økonomien på plass. Alle parti er no utfordra på å starte ein prosess blant sine medlemmer med å kome med forslag til tiltak, sa Hovde.

Han minte om at ein snart er halvveges i 2012.

– Viss vi skal kutte atten millionar kroner i andre halvår, vert det tre millionar per månad. No vert tala heldigvis ikkje så gale, men det seier oss at det hastar med å få i gang prosessen. Vi må vere handlingsorienterte, sa Hovde.

Ansvar

Gunnar Knutsen (V) understreka at politikarane har eit ansvar. – Det er viktig å ta dette innover seg. Vi må ha ei felles forståing for dei utfordringane vi har. Politikarane må ha eigarskap til dei innstrammingane som må gjerast, sa Knutsen.

Wenche Volle (Frp) meinte det var viktig å ha realistiske kuttforslag. – Kanskje vi ikkje har greidd det til no, jamfør fokuset på kutt i kjøkkentenestene, sa Volle.

– Men stoda er så alvorleg at medan vi diskuterer kjøkkentenester, vert det til slutt ingenting rundt, sa Knutsen.

Ola Perry Saure (Sp) minte om at kommunen har vore i økonomiske berg- og dalbaner tidlegare. – Vi må ikkje heilt misse motet. For nokre år sidan lanserte Senterpartiet to tusen nye innbyggjarar til Ørsta. Vi må ikkje kutte slik at her ikkje er leveleg, sa Saure.

Ikkje tungsinn

Ordførar Hovde var mykje samd med Saure.

– Vi må ikkje falle i tungsinn. Oppgåva kan verke uoverstigeleg. Men dette er noko vi kan kome over, og vi må ikkje resignere. Vi har eit hardt og tøft arbeid vi må gjere fyrst, men vi skal gje innbyggjarane det tilbodet dei skal ha, sa Hovde.