Generalforsamlinga i Tussa og styret er samde om å kalle inn til ei ny generalforsamling seinare i år, med mål om å dele ut utbytte frå Tussa-konsernet.

Denne summen vil minimum liggje på 8500,- per aksje. For ørsta kommune sitt vedkomande vil det seie i underkant av ni millionar kroner.

Det var ordførar Rune Hovde - representant for den største eigaren, Ørsta kommune - som slapp katten ut av sekken.

På førehand hadde fleire andre eigarar - mellom dei, Herøy og Hareid - bestemt seg for å foreslå å underkjenne rekneskapen, og krevje minimum 10.000 kroner per aksje. På generalforsamlinga vart det likevel semje om at desse forslaga ikkje skulle verte stilt.

Aksjeutbyttet på 8.500 kroner per aksje er eit minimumsforslag. Viss tussa lykkast i å selje eigarposten sin på 12,83 prosent, vil utbyttet truleg verte større.

Illojalitet

Styrleiar Svein Gjelseth skulda tidlegare i dag aksjonærane for illojalitet, og peikte på utspelet i media. Han meinte at einskilde aksjonærar har snakka ned prisen på Tussa, i den salsprosessen kraftselskapet no er inne i.

Gjelseth orienterte om at konsernet er i gang med å selje inn eigen aksjepost i selskapet på 12,82 prosent.

Aktuelle kjøparar er både industrielle og finansielle aktørar i Noreg og utlandet.

Fleire av dei store aksjonærane i Ørsta, Volda og Ulstein har signalisert høg støtte til styret og administrasjonen, trass i at selskapet har levert eit underskot på 16,5 millionar kroner i 2011.

Styreleiar Svein Gjelseth (t.v.) og direktør Elling Dybdal. Foto: Rune Sæbønes