Det seier leiar Svein Silseth i teknisk etat, som meiner at Ottar og Ragnhild Løvoll ikkje har noko grunn til å føle seg urettferdig behandla.

Dette er saka: Ottar og Ragnhild kan «misse» tomt på 1.500 kvm

– Vi har aldri gjeve noko lovnader om kven som skal få kjøpe tomter, men det er riktig at Løvoll-paret har hatt dialog med kommunen. Dei har meldt si kjøpsinteresse, og då tykkjer vi det er rett og rimeleg å la dei få vere med på trekninga slik som alle andre, seier Silseth.

– Kvifor trur du dei har følt at kommunen har gjeve dei munnlege lovnader?

– Det er berre å beklage viss vi har gjeve dei ei kjensle av at dei har spesiell rett på denne tomta. Vi lova å bringe fram ønsket deira for den politiske leiinga, og det har vi gjort.

Kommunikasjon

– Kva er grunnen til at Løvoll-paret ikkje fekk svar frå kommunen, trass gjentekne forsøk?

– Vi tok no kontakt og sa ifrå om at dei måtte sende inn ein skriftleg søknad dersom dei ville søkje på tomta. Vi ringde også fredag for å melde frå om tidspunktet for trekkinga.

– Men å berre gje fem dagars varsel på ei sak som dei har prøvd å få svar på i seks år er vel ikkje heilt optimalt?

– Nei, svaret frå kommunen kom kanskje i seinaste laget, men saka har framleis vorte løyst på korrekt måte frå vår si side, seier Silseth.