Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit påbygningsstudium, som består av pedagogikk, fagdidaktikk/yrkesdidaktikk og rettleia praksis i skulen. Fullført PPU gir undervisningskompetanse for vidaregåande skular og grunnskulen ned til og med femte trinn.

Viktig leverandør av faglærarar

PPU er ein viktig leverandør av faglærarar. Auken av søkjarar omfatta både den allmennfaglege og yrkesfaglege varianten.

– Det er eit stort behov for lærarar med yrkesfagleg bakgrunn i vidaregåande opplæring. Det er difor svært positivt at det er mange sterke søknader til yrkesfagleg PPU, med god bredde i yrkesfaglege utdanningsprogram. Vi veit også at det er mange lærarar som no er over 55 år og at behovet for nye lærarar aukar enno meir i åra framover. Det er derfor svært gledeleg at vi har fått så mange godt kvalifiserte søkjarar totalt, fortel Marit Dyrstad som er studieleiar for PPU.

Tilbodsbrev sendt ut

Den store konkurransen om plassane har resultert i lange ventelister. Per Johan Ramsli i opptakskommiteen ved Høgskulen, har ei klar oppmoding til dei som ikkje kjem med i årets opptak.

– Ta eit ekstra undervisningsfag for å kome med neste år, eller ta meir fordjuping i dei faga du har, tilrår Ramsli.