Det kan verte debatt i formannskapet når dei i dag (torsdag) skal avgjere om Norrøna Pub og Rust Club & Scene skal få servere alkohol inntil 60 pst.

Frå før har administrasjonen tilrådd at dei ikkje skal då det, men levekårsutvalet tilrådde tysdag det motsette. Dermed er grunnlaget lagt for ein diskusjon om liberalisering av alkoholpolitikken i Ørsta.

– Lett å få, lett å misse

Leiar Sven Castberg i levekårsutvalet seier utvalet var delt i synet på tilråding, men at fleirtalet meinte det var på plass med ei liberalisering.

– Fleirtalet i levekårsutvalet meinte det ikkje vil ha helsemessige konsekvensar å innføre spritservering på uteplassane i Ørsta. Vi meiner ein skal kunne ha same konsepta her som ein finn elles i landet, seier Castberg.

– Vi meiner at dei skal kunne få eit slikt løyve, men det skal også vere lett å misse det. Greier ein ikkje å halde seg til aldersgrensene og konseptet ein har fått løyve til, må ein ta konsekvensane av det, understrekar han.

Barkonsept

Om uteplassane får løyve til å servere inntil 60 pst alkohol, vil det automatisk føre med seg 20 års aldersgrense.

– Vi oppfattar det slik at i når ein innfører sprit og innfører 20 års aldersgrense, har ein ikkje lenger eit reint pubkonsept, men eit barkonsept. I eit barkonsept med 20 års grense, er det naturleg med alkohol inntil 60 pst.

Sprit = 20 årsgrense

På Norrøna var det søkt om å få opne for 18-åringar klokka 00.30, ein halv time etter at spritserveringa sluttar. Det går ikkje levekårsutvalet med på.

– Har ein først sprit i lokalet, må ein ha 20-årsgrense heile skjenketida, seier Castberg.

Han understrekar at dei elles står heilt fritt til å ha 18-årsgrense i lokala sjølv om dei får løyve til å servere sprit.

– Korleis dei ønskjer å bruke løyvet, veit vi ikkje. Kanskje kan dei ha 18 års grense på ein fredag og laurdag, men då kan dei altså ikkje servere sprit.

Ombygging på Rust

På Rust Club & Scene er det søkt om spritservering i to soner. Dette fører med seg noko ombygging, men vil i grove trekk seie at ein utvidar Minibar inn i det store lokalet vegg-i-vegg, og lagar eit fysisk skilje mellom scenelokalet og Minibar-lokalet.

– Når det ikkje er andre arrangement i huset, vil ein skilje av lokalet og selje sprit der. Når det er arrangement på scena, vil ein berre bruke Minibar-konseptet. Resten vil då vere tilgjengeleg for 18-åringar, forklarar Castberg.

Han poengterer at det er ønskjeleg å handsame dei to søknadene likt, då Norrøna og Rust har relativt like konsept.

Hotellsprit og butikkøl

Formannskapet skal også ta stilling til søknader om spritservering på hotella og i Aasen-tunet. Elles vert salsløyva til butikkane truleg handsama som rein rutine.

Sven Castberg seier levekårsutvalet er delt i synet på spritservering på pubane i sentrum, men fleirtalet tilrår at formannskapet skal gå inn for det.