Hovden viser til at alle husstandar i Ørsta kommune no har starta med plastsortering. Sekken med plast skal verte plassert oppi dunken der folk kastar papiret sitt. Dette vert så henta kvar tredje veke.

– Men det er ikkje fysisk plass til både papir og plast i dunkane, hevdar Hovden.

Han ønskjer at dunkane på 240 liter må verte ein del av standardabonnementet. Dette må folk betale ekstra for i dag.

– Om dette ikkje vert standard, vil det vere med på å undergrave ordninga det er lagt opp til. Når det er fullt i eine dunken, kastar folk plastikken i bossdunken i staden. Så dette må vi få ordna, sa Hovden i formannskapet tysdag.

Misforhold

Eigentleg var det avfallsgebyra formannskapet skulle diskutere. Leiar for Volda Ørsta Reinhaldsverk (VØR), Petter Bjørdal, er også med i formannskapet. Han var difor ikkje med under handsaminga av saka, men kom med ei saksopplysning.

– I juni vedtok kommunestyret forskriftene for VØR. Der vart det sagt at papirdunken på 140 liter skal vere standard. Gebyrregulativet de diskuterer i dag er bygd på desse forskriftene, og dei låg ute på høyring eit heilt år før dei vart vedtekne.

Paul Kristian Hovden medgir at han kan ha sove i timen i juni då han var med på å gjere dette vedtaket, men seier at poenget no er at det er misforhold mellom intensjonen i forskriftene og den verkelegheita han opplever.

– Og det er at det ikkje er plass til begge deler i same dunk. Og då må vi ta det på alvor. Viss ikkje når vi ikkje målet med denne ordninga. Om dette er noko vi gjer noko med no eller til påske, så er det viktigaste at noko vert gjort.

Formannskapet vart samde om at dette er ei sak dei vil ha på bordet i løpet av neste år, der det mellom anna vert sett på kostnader knytt til å kjøpe inn 240-liters dunkar til alle husstandar, kontra det å hente papir/plast hyppigare enn kvar tredje veke.