– Måleter å skape ein møteplass for heile regionen, Sunnmøre og Nordfjord. Dette verteit konsept på føremiddagsmøte, der næringslivsleiarar og avgjerdstakarar ibedriftene kan få møtte kollegaer, og få tips, råd og rettleiing, seier StefanN. Halck, leiar i Volda næringsforum.

Han harvorte kontakta av folk frå næringslivet, der det har vorte etterlyst ein slikmøteplass.

– Vi harhenta eit konsept som har vorte nytta på stader som Oslo og Bergen, og der detvert lagt opp til korte og konsise presentasjonar, og meir tid til kontaktnæringslivsfolk i mellom, ein slags «speed-dating», fortel Halck.

Målet eraltså å få med også Nordfjord. Stryn Næringsforum og Nordfjord Vekst er altkontakta. Den hye møteplassen har fått namnet Arena Sunnmøre - Nordfjord.

Detfyrste treffet vert på Volda samfunnshus den 25. februar, og med forkurs påStrømpeneset dagen før.

– Det erfor dei som ynskjer tips og ein gjennomgang av konseptet, slik at vi får maksimaltut av dagen, seier Halck.

På mangemåtar kan den nye møteplassen minne om Kontaktpunktet, møteplassen somnæringskontora i Ørsta og Volda tidlegare samarbeidde om.

- Det errett. Der såg vi at interessa etter kvart fall. Når vi no går til ein mykjestørre region med eit slikt møteplass-konsept, håper vi at interessa vert stor.Vi veit at dei mindre bedriftene ynskjer seg ein slik møteplass, og håpet er atvi no også får med dei store, seier leiar i Stiftinga Ørsta næringskontor, OddMagne Vinjevoll.

Invitasjonanetil næringskontora og bedriftene i regionen er på veg ut, og folk kan ellesfinne informasjon om opplegget og konseptet hos Volda næringsforum.

- Møtavil ta om lag ein halv dag. Vi er visse på at dette er ei god investering itid. Ein kan få knytt nye kontaktar, få tips og råd og verte med i eitnettverk. Terskelen for kontakt på slike møte er mykje lågare enn det å sitjeåleine på eit kontor, og vurdere om ein skal ta ein telefon eller ikkje, seierHalck.