Det seier songterapeut Solgunn E. Knardal frå Olavsviken alderspsykiatriske sykehus i Bergen. Denne veka har ho vore i Ørsta for å lære vekk bruken av songterapi, og for å inspirere pårørande og tilsette i eldreomsorga. Tysdag møtte ho pårørande til pensjonærar ved Hjørundfjordheimen, og onsdag møtte ho tilsette i eldreomsorga på eit møte på Ørstaheimen.

Musikkterapi

Ho er blant dei aller fremste til å bruke musikk i behandlinga av særleg demenspasientar.

– Musikkterapi er å gje menneske nye handlemulegheiter, seier Knardal, som opphavleg er frå Fiskå.

For demenspasientar og andre pasientar som har mist evna til tale og også har mist hugsen, fungerer musikken som ein døropnar.

– Musikk er eit minnespor. Eg hugsar ein gong eg var i ein samtale med eit ektepar der ho hadde utvikla demens, og mannen var fortvila for ikkje lenger å vere hennar viktigaste etter femti års kjærleik. Eg spurte mannen om han hadde eit songminne. Eg fekk tonen til ein gammal melodi, og spelte han på gitaren. Då lyste dama opp, snudde seg mot mannen, og sa: «Denne klina vi til».

Minnesporet

Det er slike døme som gjer at Knardal insisterer på at pårørande er dei viktigaste for å få tak i det minnesporet musikk er.

– Og vi må hugse at folk har ulik musikk. Når ein kjem på ein sjukeheim, er det mest fast at der ligg eit hefte med seksten songar: «Det var på Capri jeg så henne komme», «De nære ting», «Blåveispiken» osb. Det er ikkje noko gale med desse songane, men dei gjeld ikkje for alle. Eg har opplevd at eg fann kontakten med ein ung dement mann med å spele Sting.

– Ingrid Bjørnov har sagt at hjernen er eit musikkbibliotek, men utan innhaldsliste. Denne innhaldslista må pårørande vere med og finne, seier Knardal.

Livsfasar

Når pårørande skal hjelpe til med dette, kan det vere greitt å søkje i dei ulike livsfasane. Det gjeld barndommen, skuletida, ungdomstida, tidleg vaksentida, vaksenlivet og no.

– Der vil alltid vere preferansar for musikk, seier Knardal, og fekk eit godt døme tysdagskvelden i møte med dei pårørande på Hjørundfjordheimen.

Ein pasient prøvde å seie kva melodi han likte, men greidde berre å seie fugl. Tilsette leita i songbøkene, og foreslo fleire songar, men ingen trefte. Heilt til den ganske ferske «Liten fuggel» med Vamp vart spelt. Då vart det kontakt.

– For folk høyrer jo på radio. Han går og surrar heile dagen, og gode melodiar lagar nye preferansar, forklarar Knardal.

På Hjørundfjordheimen er musikk og song no ein del av terapien.

Jamaldringar

– Eg hugsar eg var svært nervøs fyrste gongen eg skulle bruke musikkterapi overfor ei gruppe pasientar. Det gjekk seg til, og etterpå hadde eg ei kjensle av at eg hadde site saman med jamaldringar og mimra, seier Bodil Skare.

Ho fortel at det vart søkt etter midlar gjennom Nasjonalforeininga for folkehelsa for å få Knardal til Ørsta.

– Det er viktig å få fagleg påfyll, og å verte utfordra til å tenkje annleis, seier Skare.

Ho fortel at det på Hjørundfjordheimen er oppretta samtalegrupper pårørande i mellom.