– Eg synest Møre-Nytt si nye e-avis er flott. Eg jobbar som elektrikar på Ulstein Verft. Eg tek buss til arbeid kvar dag, og synest det er fint å sitje på bussen og lese e-avisa, fortel Glenn.

Det var i januar Møre-Nytt lanserte e-avisa. Med e-avisa kan lesarane få sjå heile papirutgåva av Møre-Nytt i digital form.

Avisa kan lesast på ein vanleg dataskjerm, på lesebrett som iPad, eller på smarttelefonar.

For å kunne lese e-avisa på lesebrett eller smarttelefon, må det lastast ned ein eigen app. Han kan lastast ned gratis.