Forslaget frå H/KrF/V/Sp-koalisjonen vart vedteke med 18 mot15 røyster, men i praksis var kommunestyret samrøystes, for Frp/Ap-forslagetvar i realiteten det same.

Budsjettdebatten starta nemleg med at den nye koalisjonenmellom Arbeidarpartiet og Framstegspartiet foreslo at det i 2014 skal løyvastfem million kroner til prosjektering av ny skule på Vartdal, og at det i 2015vert sett av 10 millionar kroner, og i 2016 20 millionar kroner.

Koalisjon

Senterpartiet, Venstre, KrF og Høgre hadde på si side ogsådanna ein koalisjon, og der låg det inne ein million kroner til nybygg tilpersonalrom, administrasjonsrom og klasserom på Vartdal skule med ein millionkroner i 2014, seks millionar i 2015 og fire millionar kroner i 2016.

I utgangspunktet hadde Sp, V, KrF og H fleirtal ikommunestyret, men det vart tidleg klart at representantar både i V, KrF og Spkunne hoppe på Ap/Frp-forslaget. Då ville ikkje den opphavlegefleirtalskoalisjonen ha fått fleirtal for dei andre sakene i forslaget, somt.d. fjerning av eigedomsskatten frå 2016 og ein prosentvis reduksjon avdriftsutgiftene i dei komande åra – i tillegg til eit veldig stramtinvesteringsbudsjett.

Auka løyvinga

- No står eg med ein fot i begge leirar, gjorde Stein Aam(Sp) det klart i eit innlegg.

Då varsla ordførar Rune Hovde (H) at Høgre kunne gå med påein auke i investeringane til Vartdal skule tilsvarande det Ap/Frp haddeforeslått.

Og etter eit gruppemøte kom då også gruppeleiar Per ArneSørheim med endringsforslaget som gjorde at KrF/H/V/Sp stod samla med unnatakav Venstre. Fleirtalet for budsjettet var sikra med 18 mot femten røyster, ogdermed også ei utbygging av Vartdal skule.

Vedtaket inneber at det truleg vert byggjestart i 2015 medferdigstilling i 2016.