– Det er ein anna måte å jobbe på. Det er ei type teneste vi ikkje har hatt her før, i alle fall ikkje på denne måten, seier politibetjent Stian Meek.

Han er ein av dei som har teke båtførarprøva og som får lov til å føre den nye politibåten. Snart er han klar for å sjøsette båten frå småbåthamna i Ørsta, for den første testturen på Søre.

Skal skape tryggleik

Båten har 150 hk og ei toppfart på vel førti knop. Båten vert oppbevart på ein hengar, og kan enkelt verte transportert rundt på Sunnmøre, alt etter kvar det er behov for den.

– Vi håper båten vil vere med på å skape tryggleik og trivsel for dei som ferdast på sjøen. Vi vil vere synlege på patrulje, og vi vil halde kontrollar både av promille og av flyteutstyr i båtane, varslar Meek.

Politiet skal også halde oppsyn med fiskeri og miljø, og båten vil også vere i beredskap ved ulykker til sjøs.

– Heile Sunnmøre deler på båten, og no skal vi teste den ut her i området, seier Meek.

Det er utdanna politibåtførarar både i Ørsta, Volda, Hareid og i Herøy-regionen.

– Det er spennande, seier Meek, som gler seg til å ta i bruk politibåten i tenesta.