Rådmannen finn ikkje rom for bygging av ny skule på Vartdal eller andre større investeringar. Fylkesmannen er tydeleg på at Ørsta ikkje får ta opp nye lån så lenge kommunen er i Robek-registeret, altså underlagt statleg kontroll av låneopptak eller langsiktige leigeavtalar.

Ungdomsskulen til Ørsta

Rådmannen viser til at framskriving av kjende tal (barn fødde t.o.m. 2012) viser ein svak auke i elevtalet i Ørsta, og ein svak reduksjon på Vartdal. Prognosar seier at innbyggjartalet vil auke i sentrum og at Ørsta ungdomsskule på sikt må verte bygd ut.

– Slik utbygging er planlagt, og kostnaden er rekna til å vere det same som utbygging av skule til ungdomstrinnet på Vartdal, men vil då rekke til heile kommunen, seier Solheim i framlegget til budsjett som skal til handsaming i formannskapet i dag, 3. desember.

For neste år har rådmannen lagt opp til at seksjon skule får lågare rammer enn det er behov for, grunna mangel på pengar. Ho minner politikarane om at ei flytting av ungdomsskuleelevane frå Vartdal til Ørsta vil gi ein innsparing på to klasser.

– Elevane får likevel eit forsvarleg og godt tilbod.

Rådmannen meiner dette må sjåast opp i mot tenester til utviklingshemma, eldre og sjuke som i mindre grad kan rasjonaliserast.