– Det smakar godt, seier Ilic om den brennande planta.

– Men du kan verte litt nomen i munnen, legg han til.

Svenskane er flinke

Ilic jobbar som kokk og bur i Volda. Han er frå Serbia, men har også budd over 20 år i Sverige, før han enda opp i Noreg.

– Og i Sverige er dei så mykje flinkare enn nordmenn til å nytte seg av det naturen har å by på. Der er brenneslesuppe husmannskost. Her har alle høyrt om det, men ingen har laga det, seier han.

Han håper å kunne gi eit lite spark bak til alle som har tenkt tanken, men som aldri har teke steget ut og prøvd å lage mat av brennesla.

– Den er perfekt på smak når den er ny. Den må plukkast før den vert 10 cm lang. Vert den for stor smakar den gras, seier Ilic.

Dermed er det akkurat no perfekte forhold for å gå på brennesleslang.

Familieoppskrift

– Eg lagar alltid to måltid om våren av brennesle. Eg har ein åker ved Rotevatnet der eg finn dei.

Ilic fortel at brennesla trivst best i sola, utan særleg med skog og skygge. Det skal heller ikkje vere for vått i området. Ein lødevegg kan vere ein perfekt stad for brennesla.

Som spinaten inneheld brennesla mykje jern og kalsium.

– Den er brukt sidan vikingtida, både som mat og medisin, og også til å lage papir. Her i området er den perfekt å bruke i maten fordi her er lite forureining.

No vil Milan Ilic dele familien sine oppskrifter, og med det håper han at fleire vil få auga opp for den sviande, men nyttige veksten.

– Oppskriftene har eg frå mi mor og mi bestemor, og dei er i bruk til dags dato.

Oppskrift på suppe og grateng

* Fyll opp ein halvfull handlepose med brennesle.

– Du kan bruke posar frå både Rema 1000 og Kiwi, fleipar Ilic.

* Brennesla du plukkar skal ikkje vere lenger enn 10 cm, og det er berre toppen du skal bruke. Den må ikkje ha blomstra.* Ta ei passeleg stor panne, fyll den halvvegs opp med vatn og tilsett litt salt. Kok opp. * Ha deretter i brennesla. Den skal koke lett/forvellast, men ver forsiktig så du ikkje drep alle vitamina i planta. * Sil av vatnet, men ta vare på det. Hald også av ei handfull av den forvella brennesla.* Legg til side resten av brennesla. Ha litt olivenolje i panna og steik to små/ein stor gul lauk og 5–6 båtar med kvitlauk/ein kinalauk.* Tilsett ein pakke fløyte og ein pakke sæterrømme. Kok lett. Bland i brennesla og kok lett. Legg alt i ei eldfast form, og gjerne med ost på toppen, etter eige ønske.* Bruk salt og pepper etter smak.

Gratiner i ovnen i 20 minutt på 200 grader.

– Og no kjem det vesle trikset for å få god smak på suppa, seier Ilic.

– I den same panna som du miksa ingrediensane til gratengen, skal du no ha oppi krafta/vatnet og brenneslene, utan å vaske panna først. Det er ein ganske kraftig smak, så du må smake til suppa med vatn, alt etter kva du sjølv likar. Kok opp med eit par raspa gulrøter og poteter. Kok til gulrota er ferdig, og vel bekomme!