Rundt klokka seks onsdag kveld fekk politiet melding om at det var stole sølvrevskinn frå ein pelsdyrfarm i Barstadvik. Det var eigaren av farmen som sjølv melde frå til politiet. Tjuveri skal ha skjedd natt til onsdag eller på dagen onsdag. Dette er det andre tjuveriet av skinn i Ørsta kommune på nokon veker, og det har vore fleire liknande hendingar i Noreg den siste tida. Det har m.a. vorte stole skinn i Vanylven og i Gloppen.

– Vi ser samanheng mellom desse tjuveria, og det skjer både på venta og uventa stader. Alle som oppheld seg nær slike anlegg må følgje ekstra godt med framover. Det aktuelle tidspunktet for slike tjuveri er seint på året, og vi tek etterforskningssteg og jobbar på fleire stader. Politiet i Sør-Noreg jobbar no med desse sakene, seier lensmann Guttorm Hagen.

– Organisert kriminalitet

Sølvrevskinna som vart stole i Barstadvik har ein verdi på rundt 100.000 kroner.

– Dette er organisert kriminalitet. Om nokon har merka noko mistenkeleg aktivitet i området i dagane før tjuveriet så vil vi gjerne ha tips. Vi trur at det er fleire personar som opererer i lag, og det kan vere fleire køyretøy involvert. Gjerningspersonane går også inn på eit tidspunkt der dei ikkje reknar med å treffe nokon.

Alarm

I fjor vart det også stole skinn frå pelsdyrfarmar i Ørsta kommune, og då forsvann verdiar for rundt 150.000 kroner.

– Nokon anlegg i Ørsta kommune er meir kjende enn andre. No vart det stole skinn frå ein mindre kjent farm, og det er litt spesielt.

Rådet frå politiet er betre fysisk sikring.

– Med betre fysisk sikring vert det vanskelegare å ta seg inn. Eit rimeleg alarmsystem gjev også betre vern enn berre låste dører. Alarm, videoovervaking og godt lys er til god hjelp. Desse tiltaka har avverja tjuveri tidlegare, og gjort at drivarane har unngått tap, seier Hagen.