– Vi fryktar at dette vil medføre tap av kundar for Narvesen, seier senterleiar Peder Lid i ei fråsegn.

Han peikar på at korttidsparkeringa i denne gata (som enno ikkje har namn) fyrst og fremst er ein sørvis for kundane til Narvesen.

– Narvesen har opningstider også på tider då senteret elles er stengd. Det er store parkeringsareal på sørsida av senteret, men det er lite truleg at Narvesen sine kundar vil gå rundt heile bygningen for å handle i kiosken, seier Lid.

Han støttar elles lensmannen sitt syn på merking og skilting av parkeringsnisjen, der det bør vere krav om langsgåande parkering.