Staden var Hotell Ivar Aasen for morgonfriske bedriftseigarar og andre.

Tema

– Dette handlar både om fagleg påfyll og sosialt samvær.Vi ønskjer å fokusere på nyttige tema for bedriftene og det er opp til medlemmene kva tema vi skal ta opp på frukostmøta, seier næringssjef Odd Magne Vinjevoll.

Etter frukosten inviterte han til miniseminar om det nye arbeidsmiljøregelverket som tok til å gjelde frå sist nyttår.

Regiondirektør Stig Magnar Løvås i Arbeidstilsynet snakka om korleis ein med enkle grep kan skape eit godt arbeidsmiljø, og kva det betyr å jobbe systematisk med eige arbeidsmiljø.

Arbeidsmiljøregelverket og nyttige verkty var også moment som vart teke opp.

– God HMS, slik at ein unngår ulykker, er også god økonomi for bedriftene, seier Vinjevoll.

Konsise

– Desse miniseminara skal vere korte og konsise. Vi har ikkje noko fast møteplan, men arrangerer slike frukostseminar når vi meiner å ha interessante og aktuelle tema. I slutten av oktober er det styrekompetanse i høve det å sitje i eit bedriftsstyre som er tema for neste miniseminar, fortel Vinjevoll.

Han oppmodar medlemmene om å delta.