– Folk må ha vennleg tilnærming til dette, og reise fort heim att når det er slutt. Vi ynskjer ikkje tilstrøyming til sentrum etterpå, til dømes for ei pølse. Då er det betre at ein et på arrangementet, og reiser heim att for nattmat, seier Hagen.

Den siste tida har det vore mykje folk samla ved bensinstasjonane nattetid, mykje grunna kombinasjonen fint vêr og russetid.

Hagen håper konserten i kveld vil verte ei positiv oppleving for både arrangørane og publikummarane.

– Viss arrangementet går bra, kan hende det vert fleire. Både Vassendgutane og arrangørane fortener ei fin ramme rundt det, seier han.

Lensmannen kan elles ikkje sjå at det er nokon grunn til å vere i dårleg humør når Vassendgutane spelar.