Initiativet til å sende inn søknaden kom i samband med debatten om skulenedlegging på Vartdal. Det var mellom anna snakk om å avvikle ungdomssteget på Vartdal og flytte elevane til Ørsta sentrum. Dermed vart søknaden om privatskule, tufta på religiøst grunnlag, sendt. Søknaden var om oppstart av grunnskule med 1. til 10. trinn. Initiativtakarane trekte ikkje søknaden sjølv om det vart kjent at ungdomsskulen fekk leve vidare, fordi lova seier at dersom dei trekk søknaden, kan dei ikkje søkje fleire gongar.

Avslag

Utdanningsdirektoratet legg vekt på konsekvensane for skulestrukturen i kommunen dersom den private skulen hadde vorte godkjend. Kommunen har opplyst at grunnlaget for drift av den kommunale barne- og ungdomsskulen fell bort ved ei eventuell godkjenning og oppstart av Vartdalsstranda Privatskule AS.

– Det er ikkje lova si meining at ei godkjenning skal medføre at det kommunale tilbodet fell bort, og at privatskulen dermed vert det mest reelle alternativet, melder Utdanningsdirektoratet.

Dei har også sett på vegskildringa på Google og Gule sider at det frå Vartdal vil ta om lag 45 minutt å køyre til kristne Møre Barne- og Ungdomsskole i Myrvåg i Herøy.

– Sett i lys av dei negative konsekvensane det vil ha for skulestrukturen i kommunen at ein religiøs privatskule vert etablert, meiner vi at ein reiseveg på om lag 45 minutt ikkje vil vere uforsvarleg for elevar/foreldre som ønskjer ein skule med eit alternativt pedagogisk tilbod.

Søknaden vert såleis avvist. Det vert også vist til at Vartdalsstranda Privatskule AS sine vedtekter ikkje oppfyller minstekrava i lova.