– Stigar som ligg på taka må vere funksjonelle for at vi skal kunne stå i dei og arbeide. Det skal ikkje vere naudsynt å gå ut på taket. Særleg no når det er så glatt, er vi avhengig av å ikkje forlate stigane, seier Engjaberg.

No når nattefrosten legg ei tynn ishinne på hustaka, vert det eit risikabelt arbeidsmiljø for feiaren. Stadig vekk kjem han til hus der stigen ligg så langt i frå pipa at han må gå på eit skrått og glatt underlag for å nå pipa.

– Diverre er det ingen direkte forskrifter om avstand frå stige til pipe. Der ligg problemet. Stigen bør ikkje vere meir enn 30-40 cm frå pipa, seier han.

Då det kan vere direkte livsfarleg å gå på eit glatt hustak, endar det opp med at han må sende krav om utbetring før han kan kome att og gjere arbeidet.

– Om folk hadde forstått korleis det skal vere i utgangspunktet, hadde vi sleppt at folk må ta opp att dette arbeidet. På dei fleste hus byrjar det verte bra, men eg møter framleis ein del tilfelle der stigane ikkje er funksjonelle.

- Dette er eit døme på ikkje tilfredsstillande feietilkomst. Det er for langt frå stige til pipeløpa, seier Engjaberg.