Medan andre gjekk til hardt angrep på manglande resultatet frå administrasjonen i kommunen, var ikkje Petter Bjørdal (Ap) med på dette. Bjørdal synest administrasjonen er på rett veg i arbeidet med å betre økonomien.

– Ein heng litt etter økonomisk, men på dette tidspunktet av året er eg ikkje så bekymra for det. Tabellane i rapporten viser mykje bra, sa Bjørdal som vedgjekk at det ikkje var så enkelt tyde rapporten.

Han var samd i at sjukefråveret er for høgt.

Bite fast

– Det har bite seg fast på eit høgt nivå. Ein må jobbe meir systematisk for å redusere fråværet, sa Bjørdal som reagerte på ordbruken som vart brukt i kritikken mot administrasjonen.

– Rådmannen skriv i rapporten at budsjettet vil halde viss drifta får halde fram som i dag. Viss ikkje det er greitt, så får ein kome med mistillitsframlegg til rådmannen.

Overraska

Stein Aam (Sp) var også overraska over det han kalla krasse meiningar og krav frå Høgre og andre. Aam fann grunn til å balansere debatten.

– Høgre skal ha ære for å ha teke initiativ til at skuta skal på rett kjøl. Men institusjonane i Ørsta har fått urimeleg tøffe krav for å kome i balanse. Det har vore eit knallhardt køyr for mange. Der er no ein kultur i kommunen for å skjere til beinet og kome i balanse, sa Aam.

Han var overtydd om at ein må bruke meir enn eit år på å kome i balanse i den kommunale drifta.