At Hovdebygda vert valt, er ikkje tilfeldig. Det er Språkåret 2013 og 200-åsjubileet for Ivar Aasen sin fødsel som er grunnen.

Tre gongar i løpet av nasjonaldagen skal NRK sende direkte frå Aasen-tunet. Folketoget i Hovdebygda og tunkatten Lurivar er mellom dei planlagde innslaga til NRK-reporter Pål Kristian Lindseth.

– Eg gler meg til å vise fram ein stad i Møre og Romsdal på denne største festdagen i Noreg, seier direktereporter Pål Kristian Lindseth til NRK Møre-og Romsdal.

Ivar Aasen blei fødd 5. august i 1813. Han er mest kjend som opphavsmannen til nynorsken. Men han er også ein vidgjeten diktar.