Det kan verte ein ny runde om framtida for kjøkkena på Hørundfjordheimen og Vartdal Helsetun.
Det varsla rådmann Wenche Solheim då levekårsutvalet i kommunen hadde møte tysdag.
Økonomi
– Den økonomiske situasjonen er slik at ein må sjå på kjøkkendrifta og andre ting som ikkje råkar pasientane, sa Solheim til politikarane.
Tidlegare har det vore drøfta å leggje ned kjøkkena på institusjonane på Sæbø og Vartdal grunna trong for innsparing. Den trongen er ikkje mindre i dag. Tanken var at tørrmaten framleis skulle lagast til på kjøkkena, og at varmmaten skulle leverast frå Ørstaheimen.
Ikkje laga sak
Overfor Møre-Nytt understrekar rådmannen at det ikkje er laga noko politisk sak på institusjonskjøkkena, men at dette kan verte vurdert ut i frå den situasjonen kommunen er i. Det ser ut til å gå mot eit underskot på 10 millionar kroner i kommunerekneskapen dette året. Dette er alvorleg for ein kommune som er i Robek-registeret, og som ikkje kan ta opp større lån utan at staten godtek det.
Det er innført tilsetjingsstopp, og kommunalt tilsette skal ha veldig gode argument for å få løyve til å gå på kurs framover.
Rådmann Solheim gjorde på møtet det klart at det er viktig at rammene som vert løyvde av politikarane er i samsvar med behovet, at dei altså er realistiske.
– Det er også viktig at det ikkje kjem nye investeringar etter at rammene er vedtekne, sa Solheim.
Forlik
Fleire av politikarane i levekårsutvalet sukka over den økonomiske situasjonen.
– Det som står om økonomien i sakspapira er grusam lesing, sa Sven Castberg (H). Han vedgjekk at politikarane har delvis skuld i uføret då dei har vore med å vedteke å opne den nye avdelinga på Vartdal Helsetun, i tillegg til at forliket med den tidlegare rådmannen kosta flesk.
– Resten av overskridingane handlar om overforbruk og ting som ikkje er budsjettert, konstaterte Castberg.
Fortørna
Roger Vartdal (KrF) vart fortørna då Castberg tok opp Vartdal Helsetun som ei av årsakene til budsjettsprekken.
– Du må slutte å snakke om helsetunet på den måten du gjer! No må Høgre innsjå at Ørsta er èin kommune, sa Vartdal. Han meinte at det ikkje måtte vere noko ekstra spesielt at helsetunet fekk midlar til auka drift enn at ein sentrumsnær institusjon skulle få det.
– Vert ikkje belønna
Helse- og sosialsjef Oddvar Marøy orienterte om den økonomiske situasjonen. Han vedgjekk at det var tilfelle der dei som klarer å halde seg innanfor budsjetta ikkje vert belønna, men straffa for dette - og at dei i neste omgang ikkje får dei midlane dei kan ha trong for fordi ein ser at dei klarte seg med den tildelte ramma.
Bodil Skare (Ap) var samd.
– Same kor mykje ein sparar pengar og er effektive, og prøver å halde budsjettet, vert ein straffa fordi kommunen seier at ein kan klare seg med mindre pengar. Ein må passe seg for dette! Oppmoda Skare.
Halde budsjett
Hermod Halse (Ap) meinte det var viktig at dei som er flinke til å halde budsjetta bør få noko att for dette. Johan Bertel Vartdal (Frp) peika på si side at ein måtte sjå på årsakene til dei negative rekneskapstala..
Steinar Nordang (Sp) hadde denne teorien:
– Ein kan ha mistanke om at nokre avdelingsleiarar tenkjer slik at dersom dei brukar litt ekstra, ja, så får dei meir pengar i neste omgang.