Om lag klokka 15.45 fekk brannvern og politi melding om at ein bil stod parkert inne i Morkaåstunnelen. Forbipasserande trudde bilen også hadde bensinlekkasje, og tok kontakt med redningsetatane. Tunnelen vart dermed stengd for gjennomkøyring.
Då brannvernet kom til staden, var bilen vekk. Tunnelen vart så opna att for normal trafikk. Det danna seg mindre køar ved rundkøyringa medan tunnelen var stengd.